Omstillingskommisjon

 
 

Omstillingskommisjonen – å bruke det vi har .

At arbeidet med omstilling no skal insentiverast, er gledeleg – og heilt nødvendig. Men det siste vi treng, er endå ei kommisjon der arbeidet til slutt hamnar i ein skuff.

Uroa for at dette skal bli nok eit arbeid som støvar ned, kjem av erfaring. I fleire tiår har dyktige byråkratar, fagfolk og framsynte politikarar lagt ned arbeid som kunne endra Noreg, men som i staden blei liggjande. Difor bør noko av det første kommisjonen gjer, vere å lage ei NOU (norsk offentleg utgreiing) som kan heite «Opp av skuffen»: ei systematisk raffinering av alt gullet som alt er produsert i tidlegare kommisjonar, meldingar og utgreiingar dei siste to generasjonane.

Ta NOU 2020:15 Det handlar om Noreg – der livskvalitet, meiningsfylt arbeid og berekraftig utvikling blir kopla saman. Eller gå tilbake til St.meld. nr. 46 (1988–89) Miljø og utvikling, der berekraftig utvikling blei eit eksplisitt politisk mål: å møte dagens behov utan å øydeleggje for framtidige generasjonar.

Å bruke det vi har, blir avgjerande for omstillinga – ressursar, kunnskap og folk. Vi skal òg byggje ein meir effektiv offentleg sektor med lågare pengebruk. Då er det klokt å bruke det gullet vi alt sit på – og det gjeld det meste.

Vi må bruke naturressursane som alt er henta ut, og halde dei i krinsløp – både dei fossile og dei fornybare. Og vi må bruke dei gode arbeidsfolka vi har, i det vi byggjer oss inn i. Ei arbeidsplass, eit selskap eller ein sektor har lita eigenverdi i seg sjølv. Men at folk er lukkelege, og at vi tek vare på ressursane – det har eigenverdi.

Det viktigaste denne kommisjonen bør tilføre, er det heilskaplege blikket: å sjå arbeidet vidare enn berre flytting av arbeidsplassar frå éin sektor til ein annan. Å leggja grunnlag for korleis vi skapar ei omstilling som gir meiningsfylt arbeid og lukkelege menneske i heile landet – og som står seg over tid.

Endring kan opplevast skremmande fordi terrenget er nytt for mange. Vi treng ei felles røyndomsforståing for at vegen vi skal gå, er nødvendig – og kan gi oss meir meining og livsglede enn retninga vi er på no.

I næringslivet, kommunar og lokalsamfunn er det mange gode folk som er lei av all pratinga, og som ser behova, ser moglegheitene – og som tek ansvar. Sirkulære forretningsmodellar veks fram. Reparasjon av møblar, ombruk av materiale, deling av bilar og resirkulering av plast er nokre døme som skapar nye arbeidsplassar. Kommunar testar ut nye løysingar for omsorg, innkjøp og reguleringsarbeid. I alt frå tekstil til bygg ligg praksisen framfor politikken. Det veks fram ein ny bevistheit.

Utfordringa er at systemet framleis belønner det gamle: lineære løysingar, høgt forbruk, bruk-og-kast, hamsterhjulet – full fart mot ei uviss framtid. Vi som jobbar i omstillinga til dagleg, møter barrierar der det burde vore bruer, om festtalane skal stå seg.

Difor må Omstillingskommisjonen gjere noko annleis: ikkje berre skrive om framtida, men kople saman alle som alt byggjer henne. Vi veit kva som stimulerer fart, kva som bremsar – av mål, avgifter, lovreguleringar, tilskot og skattar. Vi kjenner moglegheitene og hindringane på kroppen, i kvardagen.

Støre-regjeringa si historiske sjanse ligg ikkje i å produsere endå ei rapport, men i å mobilisere kreftene som alt er i rørsle. Start med kunnskapen som finst. Lytt til erfaringane frå praksis. Og skap politikk som forsterkar det som alt verkar, vevd saman med nye, innovative løysingar.

Vi står klare til å bidra. La oss bruke det vi veit til å skape eit Noreg der arbeid gir meining, forbruket er berekraftig – og livskvalitet er sjølve målet.

Knut Skinnes